|
Alver kommune er etter § 18 i Forskrift om offentleg arkiv forplikta til å opprette eige arkivdepot, eller delta i eit interkommunalt depotsamarbeid. Selskapsavtale med Interkommunalt arkiv i Hordaland vart vedteke 20.02.2020, sak 014/20 i Alver kommunestyre.
Andre gjeldande avtalar med vårt depot - Interkommunalt arkiv i Hordaland:
- Depotavtale for papirarkiv - gjeldande frå 01.01.2021 til og med 31.12.2023. Avtalen vert automatisk fornya om den ikkje vert oppsagt frå nokon av partane.
- Depotavtale for elektronisk arkiv/digitalt sikringsmagasin - gjeldande frå 01.09.2020 - 01.01.2023. Avtalen vert automatisk fornya om den ikkje vert oppsagt frå nokon av partane.
-
Alver kommune har 1 godkjent arkivlokale, lokalisert i Meland kommunehus på Frekhaug. Dette blir brukt til mellombels lagring av arkivverdig materiale fram til deponering hjå Ikah. IKA Hordaland sine oppgåver
Alver kommune er tilslutta Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS. Sjå selskapsavtale og strategi for 2020-2023 her. Oppgåver:
- Ordning og katalogisering av kommunen sine eldre arkiv fram til kommunesamanslåingane i 1963-65
- Ordning og katalogisering av kommunen sine saksarkiv frå 1965-1999
- Ordning og katalogisering av kommunen sine saksarkiv frå 2000-2019 i samband med kommunesamanslåing i 2020
- Utvikle rutinar for å bevare elektroniske arkiv som autentisk dokumentasjon
- Mottak av avslutta elektroniske arkiv i samsvar med avtale (Plan for deponering av elektronisk arkiv. Ikkje Noark5- godkjente løysingar)
- Arkivfagleg opplæring av tilsette i kommunen
- Mottak av alle personarkiv-/register som har gått ut av aktiv bruk
- Utarbeiding av lokalt regelverk der dette må gjerast i følgje forskrifter til arkivlova
- Rettleiing i arkivarbeid og arkivbevaring i kommunen etter gjeldande regelverk
- Sikre trygg oppbevaring av arkiva, både digitalt og i papir
- Handsame innsynsførespurnader frå kommunen av deponert arkivmateriale
- Utarbeide særskilde formidlingstiltak retta mot lokalsamfunnet
|
|