Glemt Passord?

Avdeling for infrastruktur og veg

Fylkesvegane knyter fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekker samfunnet sitt behov for transport og fremjar regional utvikling. For å nå dette skal vi:

  • Gjennomføre vedtekne fylkesvegprosjekt frå planlegging og utgreiing, til bygging av veg.
  • Drifte vegnettet slik at vegen er open og trygg å ferdast på, t.d. når det kjem snø eller om det går ras.
  • Halde vegen i stand med utbetringar som dekkelegging, skifting av rekkverk og anna vedlikehald.
  • Ha ein beredskap som trygger folk og veg når det skjer uønskte hendingar på fylkesvegnettet.
  • Tilrå og samordne tiltak for å fremje trafikktrygging i fylket, både med fysiske trafikktryggingstiltak og aktivitetar, og å hjelpe kommunane med dette.
  • Utarbeide overordna planar for fylkesveg, og gje innspel til nasjonale transportplanar.
  • Redusere klimagassutsleppa i omstillinga mot eit lågutsleppssamfunn og tilpasse infrastrukturen til eit endra klima med meir nedbør.

I dette arbeidet utnyttar vi kompetansen i avdelinga til å søke effektive og berekraftige løysingar til beste for samfunnet rundt oss.

Arbeidet på avdelinga omfattar funksjonar som er omtala i:

§ 7-33.Tekniske tjenester, brannvesen og samferdsel

I riksarkivarens forskrift.

Dei einskilde dokumenta omtalar:

Kva administrativ ansvar med undernivå dokumentasjonen høyrer til
Kva oppgåva er
Kva system ein nyttar for å produsere dokumentasjonen
Kva arkivdel
Kva rutine som gjeld
Om dokumentasjonen skal bevarast