|
Avdelinga skal bidra til:
- berekraftig omstilling i næringslivet – sikre grøn vekst gjennom det grøne skiftet
- produksjon av fornybar energi, god infrastruktur og energiomstilling frå fossil energi til fornybar energi
- nye arbeidsplassar og sysselsetting i heile Vestland fylke
- nyskaping og nytt næringsliv som bygger på eksisterande industri og næringar som i dag har fortrinn på Vestlandet
- verdiskaping i byar og regionar og fremje berekraftig forvaltning av naturressursane våre, både i havet og på land
- synleggjering av fiskeriressursar, landbruk og reiseliv som drivarar i utvikling av sterke distrikt
- innovasjon i næringslivet og offentleg sektor, ut frå kompetanse og forsking
- strategisk arbeid saman med kommunar, næringsaktørar og regionar til beste for befolkning, sysselsetting, infrastruktur, næringsareal og økonomisk utvikling i dei viktigaste bransjane
- nærings- og lokalsamfunnsutvikling, som også femnar om breiband og teknologiske løysingar
Nedanfor finn ein dokumentasjonskrav som gjeld for avdeling for kultur, idrett og inkludering. Arbeidet på avdelinga omfattar funksjonar som er omtala i:
- § 7-31.Næring, miljø og samfunnsutvikling
I riksarkivarens forskrift. Dei einskilde dokumenta omtalar:
- Kva administrativ ansvar med undernivå dokumentasjonen høyrer til
- Kva oppgåva er
- Kva system ein nyttar for å produsere dokumentasjonen
- Kva arkivdel
- Kva rutine som gjeld
- Om dokumentasjonen skal bevarast
|
|