|
Organisasjons- og økonomiavdelinga skal levere gode fellestenester og sikre forsvarleg drift av Vestland fylkeskommune. Det inneber å drive sentrale service-, støtte- og fellesfunksjonar i organisasjonen, i tillegg til å utarbeide informasjon og kunnskapsgrunnlag som medverkar til toppleiinga og lineorganisasjonen sine avgjerder. Ansvaret for organisasjonsutviklinga i fylkeskommunen ligg også under denne avdelinga, i tillegg til å sørge for at det er effektive, velfungerande og gode støttesystem på plass. Nedanfor finn ein dokumentasjonskrav som gjeld for avdeling for organisasjon og økonomi. Arbeidet på avdelinga omfattar funksjonar som er omtala i:
- § 7-25.Økonomi, virksomhetsstyring, regnskap og innfordring
- § 7-24.Administrasjon og politikk
- § 7-26.Personalforvaltning og folkevalgte
I riksarkivarens forskrift. Dei einskilde dokumenta omtalar:
- Kva administrativ ansvar med undernivå dokumentasjonen høyrer til
- Kva oppgåva er
- Kva system ein nyttar for å produsere dokumentasjonen
- Kva arkivdel
- Kva rutine som gjeld
- Om dokumentasjonen skal bevarast
[724 administrasjon og politikk.xlsx 22,43 kB]
Oversikta er utarbeida i samsvar med gjeldande lovverk. Dokumentasjon som skal bevarast, er i samsvar med riksarkivarens forskrift. Slik sett fungerer denne oversikta også som ein bevarings- og kassasjonsplan. Offentlege arkiv av stor kulturell eller forskningsmessig verdi, eller som inneheld rettsleg eller anna viktig dokumentasjon, skal bevarast og gjerast tilgjengeleg for ettertida. Materiale som ikkje er bevaringsverdig kan det gjøres kassasjonsvedtak for slik at det kan slettes eller makuleres når organet ikkje lenger har bruk for det. |